_MG_7972.JPG

Grillhytte

10–14 personar

Grillhytte med eldstad i midten og benkar til 10–14 personar. Denne er open for fri bruk. Koseleg å søkje ly i når regnet trommar mot taket og vinden ular rundt "nova". Når sola skin, fuglane syng og myggen bit kan du nytta utegrillen som står på platting og sitja i utemøblane og sjå kor fisken vakar i elva. Nærare elva er det bygd ein gapahuk der ein kan fyra i peisen og sitja i ly for regnet og høyra elva syngja sin song.


_MG_7934.JPG

Ute- og inneområde

Det er sett ut stolar, bord og benker rundt på heile campingplassen. Der kan du nyta måltida ute i friluft når vêret spelar på lag. Kva er vel betre enn ein kopp nytrekt kaffi tidleg ein morgon medan sola står opp, det er heilt stille og naturen vaknar så smått til liv?

Det er to sanitæranlegg på området med dusjar (kr.20 pr. 4 minutt) og toalett, kjøkenavdeling med komfyr, mikrobølgeovn, bord og stolar, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel (kr.40), tørkerom med skotørkar, utekran og vasspost, tømmetoalett for campingvogner og bubilar. 

Nytt sanitæranlegg i 2009 og det gamle vart oppgradert i 2013. Desse er opne heile døgnet.

Opphaldsrom/TV-stove i det nye sanitærbygget – ope heile døgnet.


_MG_8095.JPG

Butikk/kiosk

Butikken/kiosken på campingplassen har det du treng for opphaldet hos oss. Her finn du ferske bakevarer til frukost (skillingsbollane våre er viden kjent), tørrvarer, meierivarer, grillmat, frukt og grønnsaker, fiskeutstyr, gnagsårplaster, gass etc. 

Me sel fiskekort på Eidjord Statsallmenning, for elva Bjoreio og Krossdalen. Du kan og få kjøpt jaktkort for småvilt og reinsdyr (Krossdalen sameige).

Som betaling tek me kun i mot norske pengar. Me har betalingsterinalar med bankkort, Visa, MasterCard, Maestro og VIPPS.

Opningstider 20/6-20/8: ope alle dagar 09-21.
Opningstider utanom dette vert avpassa etter sesong og publisert på Facebook og oppslag.


_MG_7958.JPG
_MG_7953.JPG

Leikeplass

Leikeplass med trampoline, sandkasse, huskestativ for små og store, volleyballnett ved elva og utandørs sjakkbrett.


WIFI

Fri tilgang til WiFi på heile campingplassen.


Gang- og sykkelveg

Gang - og sykkelvegen ved elva Bjoreio som ligg rett ved campingplassen er godt tilrettelagd for familiar og personar med funksjonshemming. I sommarhalvåret kan den fint nyttast av små barn med sykkel og barnevogner, personar med gåstavar, rullator eller rullestol. Me har diverre ikkje hytter spesielt tilrettelagde for personar med funksjonshemming, men ei av hyttene vert jamnleg nytta av rullestolbrukar.