Garen camping ligg like ved elva Bjoreio, dette er ei god fiskeelv som gjev oss mang ein raud og fin fjellaure. År etter år kjem dei faste fiskarane tilbake og leitar opp sine hemmelege stadar i elva. Litt lenger til fjells finn me utallige fjellvatn der storfisken vakar om sumaren – det er berre å ta sekken og fiskestonga på ryggen så får du garantert fine opplevingar. Fiskekort kan kjøpast i butikken på Garen camping.

For meir informasjon, sjå:
www.ut.no
www.dnt.no
www.hardangerfjord.com